|
|
Erland Steenberg - 1919 - 2009 19.12.09 Tidlegare stortingsrepresentant og parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Erland Steenberg, fødd 11. februar 1919 i Nedre Eiker, døydde 11. desember 2009 same stad. Steenberg var representant for Buskerud SP på Stortinget 1965–77, visepresident i Odelstinget 1969–73, og medlem av finanskomiteen, fullmaktskomiteen, utanriks- og konstitusjonskomiteen og den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen.
Som nyvald representant i blei han raskt partiets finanspolitiske talsmann og fekk bruk for sine gode evner som forhandlar i vanskelege spørsmål under fleirpartiregjeringa Borten. I perioden 1973–77 var han formann i gruppestyret, altså parlamentarisk leiar. Denne siste perioden var prega av skarpe politiske motsetningar i synet på SPs plass i det politiske spekteret. Bølgjene etter nei-fleirtalet i folkerøystinga om norsk medlemskap i EEC i 1972 skapte uro både internt i dei politiske partia og mellom dei. Steenberg støtta lojalt partileiar Dagfinn Vårviks såkalte sonderingsline overfor Høgre, dvs. samtaler om regjeringssamarbeid sentrum - Høgre. Dette var slett ikkje ukontroversielt overfor eit framvoksande sjikt av meir radikale krefter i partiet. Men i ettertid kan det likevel seiast at Steenbergs rolege og avbalanserte haldning, prega av sak og ein pragmatisk konservativ Sp-tradisjon, medverka til å balansere dei ulike syna. Steenberg var fylkessekretær i Buskerud SP 1945–58, og fylkesformann 1960–66. Parallelt med dette var han lokalpolitisk engasjert på kommune- og fylkesplan. Han var nestformann i SP 1967–77. Da hans tid som rikspolitiker var over ble han direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund før han sjølv tok til som eigedomsmeklar. Steenberg ytte tenester til samfunnet som formann i bedriftsforsamlinga i Norsk Olje A/S, som riksrevisor i Riksrevisjonen, og i rådet for Norges Statsbaner – Jernbanerådet. I fleire år var han dessutan ordførar i representantskapet i «Nationen», hadde styreverv i fleire bankar, og tok på seg tillitsverv i skiidretten. Erland Steenbergs arbeidskraft, innsikt og lojalitet var med på å gje partiet eit fundament som har vore avgjerande for dei nye kreftene som etter kvart overtok. Han har gjennom alle år utført samfunnsgagnleg arbeid som har kome heile landet til gode. For dette blei han i 2007 heidra med Kongens fortenstmedalje i gull. Liv Signe Navarsete Leiar i Senterpartiet « Tilbake |
|
MENINGSMÅLING
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|